"Kva er viktig for deg-dagen" 2019

Kva er viktig for deg-dagen.png - Klikk for stort bilete

Torsdag 6. juni blir «Kva er viktig for deg-dagen» markert for sjette gong. Då vil helsepersonell i Noreg og i rundt 30 andre land spørje pasientane om kva som er viktig for dei.

Dagen er en del av arbeidet med å få til gode pasientforløp når pasientar blir flytta mellom avdelingar og tenester i den enkelte kommunen og mellom primærhelseteneste og sjukehus, og målet er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom dei som gir helseomsorg og dei som mottek desse tenestene. 

Helsepersonell vert oppfordra til å stille eit enkelt, men viktig spørsmål; Kva er det pasienten verkeleg treng, ønskjer og håpar på?
Å flytte merksemda frå "kva er i vegen med deg?" til "kva er viktig for deg?" bidreg til ei viktig retningsendrig i helsevesenet.
 Erfaring viser at aktiv deltaking i utforminga av eigne mål aukar pasienten sin motivasjon og styrkar meistringa.

Du finn meir informasjon om "Kva er viktig for deg-dagen" ved å følge denne lenka til ks.no/pasientforløp

Torsdag den 6. juni vil helsearbeidarar over heile landet bere fargerike buttons som ei påminning om å innleie gode samtalar.
Tysdag den 4. juni vil Dagsenteret på øyane ha ei markering. 
Eidet omsorgssenter vil markere dagen onsdag den 5. juni og i Brattvåg vert det denne dagen «stand» i 5. etg. ved Haramssenteret. 
Dagsenteret i Brattvåg markerer dagen både den 4. og 5. juni medan Kulturen dagsenter ved Eidet omsorgssenter markerer dagen den 5. og 6. juni.
 
 
Vi ønskjer lukke til med årets "Kva er viktig for deg-dag"!
 
Sist endra 02.06.2019