Kunngjering om offentleg ettersyn av detaljregulering av næringsområde på Haramsøy gbn 14/41 og 14/19

Haram kommune godkjende den 20.06.2019 i UPL vedtak – 032/19 at forslag til detaljplan for Haramsøy næringsområde på gbn 14/41 og 14/19 med plankart, planføresegner og planomtale datert 30.04.2019 vert lagt ut på offentleg ettersyn i samsvar med plan –og bygningslova §12-10.

Skjermbilde3.png - Klikk for stort bilete

HA-PLAN AS har på vegne av Ocean star AS utarbeid eit planforslag for detaljregulering av eit næringsområde ved Håneset på Haramsøy.

Formålet med planen er at heile landarealet inkludert planlagt utfylling i sjø blir regulert til industri. Ein har eit ønske om å legge til rette for landbasert oppdrett.

Delar av området vil bli nytta til tilkomstveg m.m. for ei kaianlegg i samband med ilandføring av delar til vindmøllepark på Harams fjellet.
 
 

Merknadane skal leverast skriftleg til Haram kommune gjennom e-post eller brev.
Frist for å komme med merknader er 18.09.2019.

 
Sist endra 12.07.2019

Kontaktpersonar

Elin-Grete Vatnehol

Planleggar
Telefon : 930 27 581
E-post : Send e-post