Haram kommune gjekk heilt til topps!

Vinner.png - Klikk for stort bilete Haram kommune er kåra til Norges beste vertskapskommune for næringslivet! 

Kåringa skjedde under Kommunalpolitisk Toppmøte i Oslo i dag. Prisen vert delt ut i eit samarbeid mellom KS og NHO, og bak kåringa står ein jury beståande av begge partar. I grunngjevinga heiter det mellom anna:

«Kommunen har jobbet offensivt, systematisk og målrettet med næringsutvikling gjennom 25 år, og trukket næringslivet inn i kommunens strategiarbeid helt siden 90-tallet. Dette har resultert i en modell for samarbeid mellom kommunen, utdanningsaktører og næringslivet som har resultert i så stor tillit at samarbeidet har overlevd skiftende konjunkturer og økende inntreden av internasjonalt eierskap i det lokale næringslivet.»

Ordførar Vebjørn Krogsæter, rådmann Turid Hanken og dagleg leiar  i Haram Næring og Innovasjonsforum Henrik Dalelid Vedde var til stades under utdelinga. Kommunen har også eigen stand på konferansen.

Prisen er ei stor ære og anerkjenning av Haramsmodellen og det arbeidet kommunen, næringsliv og akademia saman legg ned i samarbeidet. Ordføraren seier han er særs glad for at både KS og NHO står bak kåringa og deler prisen med alle gode samarbeidspartar over lang tid og i skiftande tider.  

Fotograf: Haram kommune Fotograf: Anne Bente Skjellum Fotograf: Anne Bente Skjellum
Sist endra 09.04.2019