Forbodet mot open eld er oppheva frå og med 2. mai kl 08.00

bålforbod april 19.jpg - Klikk for stort bilete

 

Det har kome mykje regn dei siste dagane og på bakgrunn av dette og redusert skogbrannindeks, opphevar Ålesund brannvesen KF forbodet mot open eld frå torsdag 2. mai kl. 08.00.

Dette gjeld kommunane Giske, Haram og Ålesund. Frå 15. april til 15. september gjeld det generelle bålforbodet i utmark.
 
- Du kan grille i eigen hage, men ver varsam både heime og i utmark, er rådet frå brannsjef Geir Thorsen.
 
 
Tørke medfører betydelig auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det i sommarhalvåret eit generelt forbod mot bruk av open eld i skogen, på fjellet, på stranda og ved naturområde som ikkje er innmark. Forbodet gjeld for heile landet.
 
Les meir utfyllande om det generelle bålforbodet i Ålesund kommune si samlenyheit (gjeld også for Haram kommune)
 
Sist endra 01.05.2019