Oasen dagsenter

Oasen Dagsenter er ein sosial møteplass for menneske over 18 år, som har eller har hatt psykiske vanskar/ lidingar og har behov for å vere saman med andre.
Her møtest vi i ei trygg og open atmosfære, og driv ulike aktivitetar med dei ressursane og interessene vi har. Det er viktig at  tilbodet blir tilpassa deltakarane sine behov og  interesser, slik at det gir meining og er stimulerande å vere her.
 

Kva kan vi tilby?

Vi har dagsplanar der vi mellom anna:

  • Lagar eit felles måltid saman
  • Har tema/undervisning ut ifrå deltakarane sine ønskje
  • Har varierte hobbyaktivitetar
  • Drar på turar ut
  • Tilbyr individualsamtale/oppfølging

Kvar finn du oss?

Oasen dagsenter held til i Dalevegen 20 i Brattvåg

Opningstider

  • Onsdagar: kl 10:00-14:30 For deltakarar over 35 år.
  • Torsdagar: kl 10:00-15:00 Aktivitetsgruppe for unge vaksne mellom 18-35 år.
  • Fredagar: kl 10:00-14:30: For deltakarar over 35 år.

Korleis ta del?

Dersom du vil ta del i dagtilbodet kan du sjølv ta kontakt og avtale å komme på besøk. Du får prøve ut tilbodet for å sjå om dette er noko for deg, før du søkjer om plass. Etter at du har søkt får du eit vedtak der du blir tildelt faste dagar. 

Du kan også bruke søknadsskjemaet til Team for psykisk helse og rus:
 
For meir informasjon, ta gjerne kontakt med fagansvarleg Inger Johanne Sollie Hagen.
Kontaktinformasjon finn du oppe til høgre på denne sida.
 
 
 

 

Sist endra 22.02.2019

Kontaktpersonar

Oasen dagsenter

Telefon : 70 20 93 20

Inger Johanne Sollie Hagen

Fagansvarleg - Oasen dagsenter
Telefon : 905 88 381
E-post : Send e-post